1.1.16

Om Finnmarksvidda og kampen med Midgardsormen - Tor Halvor Bjørnstad 2010

700km. Ein etappe. Rå villmark. Ekstrem natur. Nord for polarsirkelen. Det er offroad Finnmark. Rittet startar i Alta og slynger seg i tre slynger over heile Finnmarksvidda, inklusiv grensepassering mot Finnland heilt lengst der aust. Det er eit ekstremt ritt, arrangøren markedsfører det som "ekspedisjonsritt". Hverken eg eller Jon Kristian hadde vel egentlig tenkt å vera med. Tanken rundt å sykle den korte varianten på 300km var der i periodar, men det var aldri ein plan å gjera det. Så vart desverre Halvor skada, og me lurte på om me skulle steppe inn for brødrene Aschjem. Det ville bli ein fin tur trudde me, og ein muligheit for god markedsføring av laget vårt.

Sykkelen vart nitidig bygd om før start. Dette var rittet der me burde ha sykla fulldempar. Rittledaren ringte meg fortvila fleire gonger før start og advarte mot "galskap-stunt" på hardtail, men fakta var at fulldemper hadde me ikkje, og godt vante med hardtailen var planen å dra nytte av hardtailens styrke snarare enn å å savne fulldempern. Hjul, bremser , setepinne, styre, dekk og holker blei bytta. Erik tråkka til med freerideutstyr frå WTB, og setet Pure, samt dekka Wolverine vart naturlege valg for oss. I tillegg utstyrte me sykkelen med skjerm for å spare baken mot sprut frå dei mange gjørmehulla. Me bygde syklane så like som mulig for å kunne frakte felles reservedeler. Me skulle sykle med sekk, og lista over sekkens innhold vart pugga, revidert , pugga og revidert utallige ganger.

Så kom me til Finnmark. Me var heldige med været frå start av. Sommaren i nord var like bra som sommaren i sør. Etter ein grei start på prologen, satte me av stad 12.30 på lørdag formiddag rett inn i ødemarka og
Finnmarksvidda. Me starta relativt hardt. Både Jon Kristian og eg fekk etter nokre timar føling med stor åpningsfart. Eg gløymte å sjekke ut av sjekkpunktet i Sørstraumen, og dette kosta oss eit lite kvarter då eg måtte snu. Bak oss inntok eit lokalt lag , DNBNOR posisjonen som jeger, nokre timar bak oss på ekspedisjonen. DNB imponerte meg allerede før start, no starta dei å frustrere meg litt... Me auka avstanden på syklinga, men laget som jakta på oss var effektive og for kvart sjekkpunkt me passerte tok dei tid tilbake. På 2 timar var det lenge stillingskrig.

Me hadde no sykla fyrst sør og så rett aust til Kautokeino. Det var midnattsol, men utpå morgonen skya det til, og det starta kl 10 Søndag morgon å regne heftig. Temperaturen fall, men me holdt motet oppe. Bremseklossane starta å ryke i rekordfart. Ny klossar vart montert, men med levetid på 6 timar på nye klossar åt syklane seg snart gjennom heile lagret av medbrakt. I tillegg holdt DNB nor avstanden bak oss. No kjente me spenninga i løpet. Like før annkomst Karasjokk kom me ned frå fjellet og inn på fjellstua Ravnastua. Eg var totalt utkjørt og sto breidbeint mens gulvet gynga under meg. Eg må bryte i Karasjokk tenkte eg.

Ved ankomst Karasjokk var eg litt bedre. Jon Kristian framsto som lagets sterke mann, og hadde taua meg på asfalten i rekordfart opp den siste mila. Eg vart fora, dytta i seng, og fora på nytt. Eg snakka med Elin i telefonen. Eg var redd eg aldri kom til å snakke med henne igjen. Eg gråt meg i søvn etter å ha lagt på.

I mellomtida hadde DNB nor komt til Ravnastua. Dei sjekka inn og ut på direkten og fortsatte til Karasjokk. Me forlot den obligatoriske 3 timers pausen akkuart når DNB nor kom inn. Stillingskrigen fortsatte.

Me fortsatte no nordaust mot finskegrensa. Neste etappe gjekk i striregn og me ankom Valjok på stipulert tid på tross av uværet. Både eg og Jon Kristian var pigge på nytt etter kvilen, og pressa javnt på. Etter frukost i Valjok bar det endelig vestover. Løypa no var uten sti, men derimot med uhorvelige mengder myr og mygg. Det var ei tung etappe. Kneet mitt starta å streike like før annkomst neste sjekkpunkt. Dette var også eit sjekkpunkt med obligatorisk 3 timars kvile. På veg inn til sjekkpunktet klarte eg knapt å sykle. Gode råd var dyre. På nytt framsto Jon som den sterke mannen i laget. Han organsierte alt i sjekkpunktet og eg fekk tid aleine til å analysere skaden å vurdere kva eg skulle gjere. Å bli bra av ein kneskade på 3 timar kunne eg ikkje regne med. Eg var på nytt redd løpet var kjørt Me satt og tuta som to småungar i dusjen begge to. 
Så bestemte eg meg for å ta paracet/ibux, samt å legge ein pose frossen blomkål på kneet. Slik sovna eg. Då eg våkna trudde eg fyrst eg hadde drømt. Men så låg den der, den fordømte tinte blomkålposen på kneet mitt, og marerittet var likevel sant. Eg vurderte kneskaden til å vera enten ein slimposebetennelse etter eit dunk i kneet dagen før, eller eit langdistansekne. Begge deler kunne skyldes einsidig belastning etter 45 timar låst i sykkelskoa. Eg bestemt meg for å bytte til joggesko og flate pedalar. På veg ut frå sjekkpunktet starta sola å skinne, og kneet var klart bedre enn då eg stoppa. Kanskje var det håp? Det hadde kosta oss ein ekstra times pause å vente på dei flate pedalane. Like før avreise frå sjekkpunktet fekk me heldigvis beskjed om at me no hadde auka avstanden på nytt til laget bak. Så gjekk me inn i komasonen begge to. No jobba me nonstop i 18 timar til mål. Sola steig og sank på himmelen. Millionar av små vassperler glinsa i lyng og kjerr, og me delvis sykla, delvis gjekk eller jogga oss gjennom fjellmassiv, forbi store vatn og gjennom reinsflokkar. Så la sola seg lågt i horisonten. Temperaturen fall og bakken starta å dampe. Himmelen var ein blanding av oransje og rosa. Me fraus, gråt og lo av glede av den vakre naturen. Me gjekk i ei transe, framover, framover.
Litt utpå morgonkvisten kom me til eit telt midt i villmarka. I teltet satt ein mann, han gestikulerte ivrig for å få oss inn i teltet. Eg ville ikkje. Ikkje pokker om eg skulle inn dit. Jon Kristian tenkte det samme. Så steig han ut av teltet, reiste seg framfor oss. Då såg eg at det var Jørund, rittleiaren. Det var lengre til mål enn me trudde. Me måtte stoppe for å få mat. Me hadde til no spist oss gjennom alt det me likte best. Barar og gel var reine brekkmiddelet, og det einaste som fungerte var polarbrød. Heldigvis hadde Jørund polarbrød.

Magen var full, men motet ein smule jekka ned då me forlot teltet. Det var over ti timar til mål. Me sto i fare for å ikkje rekke 70 timars målet vårt. Det var berre å presse på, i den grad ein kunne gjere slikt. Eg banna då eg forsto at eg villa ha bytta ti timar i vilmark lett mot 14 timar asfalt frå Trondheim til Oslo.

Eg kan ikkje takke Jon Kristian nok for at han er den han er. Me var gode venner før løpet, men no følte eg meg avhengig av han, som om me var i ferd med å vekse saman til ein. Ein pustande og sliten organisme på veg over Finnmarksvidda. Framover. Framover.


Så kom me til fjellstova Jotka. Brått delte vidda seg som om den sprakk i to, og der nede i jutulhugget mellom dei to heiene låg ei lita fjellstove, bada i det seine lyset av nattesola. På nytt gråt eg. Heile vegen ned dit gråt eg. Det var ferske vafler på fjellstova. Dei var stekt i store mengder smør, og smakte himmelsk. Då vaffelfatet var tomt sykla me vidare.
Det nærma seg no endelig. Me auka farten litt for å ha margin på 70 timar, men eg fekk på nytt føling med kneet. Jon Kristian virka sprek. Det var trygt å sjå at han hadde krefter igjen. Siste sjekkpunkt ligg ca 2 timar frå mål oppe langs Altaelva. Med minst mulig margin kom me inn dit på minuttet 68 timar etter start. Det vart eit lynrask sjekkpunkt. Så bar det i rekordfart mot mål. No kjørte Jon Kristian det syklane kunne halde. GPS en slo seg brått av, tom for batteri, og min hadde også lite igjen. "Battery warning" sto det på skjermen. Løypa var heldigvis delvis merka. Så kom me tilslutt inn i målområdet, og der var Jon Kristian kjent. Me hadde no slutta å sjå på klokka. Frå å telle timar var kontrasten ekstrem når løpet på nytt dreia seg om minutt. Tida sto stille. Nei tida raste av gårde. Me sto stille. Nei.. Me raste avgårde. Synsfeltet vinkla seg inn. 60% rett framfor oss såg me. Skodde åt seg inn på kantane. Så endelig kom me til mål.

Resten er historie for vår del. Me kom fyrst i mål, og klarte det med 30 minuttsmargin til 70 timers målet vårt. Ekspedisjonen hadde vore fantastisk. Men me var slitne. Pokker så slitne. Under løpet hadde nokon sjekka oss inn på ein suite på hotellet. Me drakk litt champagne, dusja og åt litt. Jon Kristian kom i mål med betennelse i begge akilles-senar. Kneet mitt var bedre, men eg hadde blodige sår på begge beina etter slitasjen frå sykkelskoa. Laget som jakta på oss hadde gitt opp då rapportane kom at me klarte å halde farten oppe på tross av skaden min. Siste del av løpet var oss mot 70 timar.

På evalueringa ser eg mange gode valg av utstyr, taktikk og litt hell. Dessutan eit fantastisk godt organisert løp. Dei spesielt heldige valga våre var dekka og setet. WTB setet var heilt utrulig! Eg satt tilnærma smertefritt på setet heile vegen frå start til mål. Me burde ha brukt fulldemper. Men me klarte å utnytte dei få fordelane ein hardtail har bra.

Det var ein vannvittig tur. Ein plass der ute i villmarka var eg og Jon Kristian på toppen av livet vårt.

No comments: